Inn i munnen – ei bok om dyremunnar
Eg har alltid vore nysgjerrig på kvifor ting er slik som dei er. Til dømes: Kvifor har me menneskjer ein munn som går innover i fjeset med massevis av tenner medan fuglane har eit nebb som stikk ut? Kvifor har slangen gift i tennene? Kvifor har hamsteren lommer i munnen? Og kvifor har sjiraffen blå tunge?
I «Inn i munnen – ei bok om dyremunnar» kan ein bli kjent med dyra på ein litt annleis og ny måte, nemleg ved å ta ein nærare titt i gapet deira. Kva type munn dyra har kan fortelja oss mykje om korleis dei lever, og kanskje finn du nokre likskapar mellom dyremunnane og din eigen munn?
I tillegg til å lesa, kan du studere dyra og munnane deira i dei fantastiske illustrasjonane laga av Bård Torklidsen.