Om Malin
Malin Hellebø (1989) er ein norsk forfattar og programleiar frå Lærdal i Sogn og Fjordane. Ho er busett i Oslo, men elskar å turnere rundt i alle landets krikar og krokar.
Frå 2013 til 2018 leda Malin programmet «Dyrevenn» på NRK Super. I løpet av denne tida medverka ho også i fleire andre program, mellom anna Julemorgen, Påskekrim og Idiotiatlon på NRK Super samt «Fingrene av fatet» på TV2.
Malin har skrive to bøker, «Dyras beste sjekketriks» (april 2019) og «Inn i munnen» (august 2020) og går for tida på forfattarutdanninga ved Barnebokinstituttet i Oslo.
I tillegg til å jobbe som forfattar lagar Malin podkasten «Tretten» saman med sin tidlegare NRK-kollega Kathrine Nygård, som du kan høyre alle stader der du lyttar til podkast.