Prosjekt postkort

Om du besøker denne sida betyr det kanskje at du har fått eit postkort frå meg?

Eg håpar du syns det var greitt at eg plutseleg plumpa ned i postkassa di?
Kanskje du til og med syntes det var hyggeleg?

Postkortet du har fått er ein del av eit prosjekt. Eg har plukka ut 52 tilfeldige menneskjer og skal i løpet av det neste året sende unike postkort til kvar og ein. Eit nytt postkort i veka i eit år. Og eg kryssar fingrane for at du har lyst til å svare.

Kvifor?

Dette er ikkje noko spørjeundersøking, heller ikkje eit forsøk på å selja deg noko du ikkje vil ha. Dette er eg som vil komme i kontakt med deg og som lurer på kven du er og kva som skjer i ditt liv. Kva slags historier kan me fortelje kvarandre? Har me noko til felles? Korleis kan eg ta plass i livet ditt og du i mitt?

Alle postkorta eg sender ut er unike. Dei har ulike tema, refleksjonar og spørsmål.

Ingen av dykk som mottar postkorta er folk eg kjenner. Eg veit ikkje kven du er, kva du driv med eller kva du har opplevd så langt i livet, men eg håpar du har lyst til svare. Eg er veldig spent på kva mitt brev gjer med deg. Kanskje ingenting, kanskje vekker det eit minne, kanskje vil du kjefte, gje meg eit råd, fortelje om noko du har sett eller høyrt?

Kva skal eg bruke det til?

Dersom du snokar litt vidare her inne på heimesida mi, finn du straks ut at eg er skribent og forfattar. Og ja, på ein måte er dette eit forfattarprosjekt også, eg veit berre ikkje heilt kvar det kjem til å ende, men eg håpar me kan finne ut av det saman. Vil du som svarar meg inspirere til ein karakter i ei bok? Vil du opplyse meg om eit tema som eg etterkvart blir så opptatt av at eg berre må skrive om det? Eller vil «Prosjekt postkort» i seg sjølv bli ei bok?

Uansett, eg håpar verkeleg at eg høyrer frå deg!

 

Med beste helsing

Malin